Her ligg meg stein i vegen,
Og skodd for augo driv.
Farvel kvart glede-minne,
Som meg i hugen riv!
Å aldri, aldri meir,
Eg tykkjer vinden yler til meg frå villan hei.
Kvi lær du, blom, mot soli?
Du stend i grus og stein,
Og snart vil snø og kulde
Deg gjeva livsens mein.
Å aldri, aldri meir
Eg skal i verdi skoda mi gjente snål og grei.
Kvi syng du, fugl, og byggjer på gamle grunnar glad?
Farvel! Snart kjeme hausten og jagar deg avstad.
Å aldri, aldri meir
Skal eg i bygdi ferdast den kjende vega-leid.
Sjå ørni sviver yver og krøkjer kvasse klo.
Farvel! For meg du gjerne må metta deg med blod.
Å aldri, aldri meir
Eg kliv i Storlifjellet og røvar dine reir.
Der burtpå støylen høyrer eg dans og felelåt.
Farvel! Du tidsnok finne at bakom alt er gråt.
Å aldri, aldri meir
Med ungdom kåt eg samlast til dans på Storli-skeid.
Burt alle glede-minne!
De gjer meg berre mein,
Som såre foten gjev seg for kvar den minste stein.
Å aldri, aldri meir
Dei ordi syng for øyra mi heile livsens leid.